Visiting Katharina in France

Finally, here are some pictures from my visit to Katharina in France.

After a 60 hours trip (including a 18 hour stopover in South-Korea)

 

The temperature was a shock even considering that the winters in Pau are mild compared to Norway.

 

 


But anyway we did a lot of sight-seeing. One of the things we did in
Pau was to visit the castle there (In the background)


Toulouse

   

On one of the big trips we made we headed for the city Toulouse north-east of Pau (check a map)

Toulouse is famous for it architecture.


Gourette



           

The first weekend we headed for the mountains. The Pyrenees have many great skiing villages. One of them is Gourette with beautiful mountains and perfect weather.

 

Here we could go skiing, something I really have been missing in Australia.



San Sebastian

               

 

The second weekend of my visit in France we went to San Sebastian (Spain.)

San Sebastian is a popular vacation city in north-eastern Spain with big beaches and good surf.

San Sebastian is a part of the Basque area in Spain even though it did not show that much with

the exception of a few Basque flags and paint on Spanish flags.
As you can see we also visited a pretty good aquarium.


Visit from Katharina

20th of December Katharina finally came on vacation to Sydney, Australia!

After waiting almost 4 months for her I was very excited to see her again, and she used a while getting here. I guess we were the last persons to leave the airport because of problems with luggage that got left in Hong Kong. But the most important thing was that she arrived!

 

The first day we went shopping, for clothes offcourse... with no luggage she needed something to wear. After getting ready for Australia with some real "surf-babe" clothes it was time to hit the beach!


                   

 

Unfortunately Katharina only had 2 weeks in Australia before she had to hurry back to France for her exams. We didn't have much time so we decided to spend all our time in Sydney.

 

The first two days included a lot of walking around Sydney CBD and taking photographs of all the "must see" locations. But we also got to spend some time at the many beaches in Sydney and also did a walk from Bondi beach to Cogee beach.

 

              
                   
   

Christmas Eve we spent with Daniel, a friend of mine from
Germany. He is living in Sydney (Randwick) for the summer break which was perfect for us, we had accommodation in Sydney! Since it was really hard to get "pinnekjøtt" in Sydney we settled for something easy and good, turkey. We had a really great Christmas dinner on the 24th of December, although most Australians celebrate on Christmas day the 25th of December. After dinner we went to Cogee beach hotel late at night for some great live music and a good party. We ended up on Cogee beach taking a late night swim around 3 am. I have never gone swimming on Christmas Eve before.

 
              

The 25th of December we had an excellent kangaroo stake in Kingswood and opened some presents.

 


 

Although we went to Sydney every day, one of the highlights was a concert in the opera house on the 28th of December. Australia philharmonic orchestra played an amazing concert with everything from great classical music to famous musicals.

Seeing the opera house from the inside is something I advise everyone visiting Sydney to do. The concert hall has over 2600 seats.

 

    

 

30th of December we went to Featherdale Wildlife Park to see some of the amazing animals Australia has to offer. We got really close to some of them as you can see on the pictures.

 

              

New Years Eve was something we were really looking forward to. It was inevitable that we spent it in Sydney. Early on the day we had a nice dinner in Chinatown, and then we met up with Daniel and a German friend of his visiting for new years. We choose Darling Harbour as the place to be. The place was packed with people and entertainment. They had three different stages with outdoor concerts in addition to water ski shows and fireworks from a boat in the harbour. The biggest fireworks were from the harbour bridge, but we had good view over most of Sydney and got to see a lot of great fireworks. After Darling harbour we went to Bondi beach to continue the celebration into the New Year.

 

              

 

After having visited a zoo we wanted to see some of the wildlife in the wild. We went on a hike in the Blue Mountains national park to see some nature. We ended up in a clearing were we saw a lot of wild kangaroos and a lot of wild parrots among with many lizards (fortunately no snakes). After seeing the kangaroos we walked to the Nepean River and took a refreshing bath in warm river water.

 

              

 


Queensland tur

No er eg komen heim fra ein 17 dagar lang tur frå Cairns til Sydney. Det vil seie store delar av den Australske austkysten. Til saman kjørte vi nesten 5000 km, noko som er ganske mykje kjøring i tillegg til alt strandlivet og utelivet vi klarte å få med oss.

Vi var heldig med været, bortsett fra litt regn var det varmt men ikkje for ille. Når vi var opp i nord som skal være varmare enn Sydney fikk vi rapportar om 45 grader i Penrith, eit veldig godt trekk å flytte seg nordover.

Eg vil ikkje her kome med detaljert forklaring av alt vi gjorde, det blir for mykje arbeid. 
Men oppsumert var vi i dyrehagar, nasjonalparkar, frykelig monge strender, snorkling i great barrier reef, safari på Fraser Island, seiltur, kanotur, fisketur plus mykje meir.

Dyreliv er det nok av i Australia:

           

Kengeruar var det litt for monge av på veiane, noko som gjordet det ganske farlig å kjøre. Koala er artige dyr som søv 19 timar kvar dag. Skilpadder svømte vi saman med når vi snorkla i great barrier reef. Det siste bilete er fra Nimbim som tilbyr ein veldig alternativ livsstil i Australia, legg merke til krabaten nede i høgre hjørne.

           

     

Resten av bileta her oppsumerar ganske bra kva vi gjorde heile ferien. Dei to første bileta er fra Fraser Island som er verdens største sandøy.

1770

No er eg i 1770 som er baade eit navn og aaret kaptein Cook kom hit.
Det er ein av dei faa fantastiske stadane paa austkysten som framleis ikkje er overteke av turisme.
Dette er nok ein av grunnane til at vi vart her litt lengre enn planlagt, 3 dagar no.

Imorgon skal vi snorkle i great barrier reef, sidan vi reiser sorover er 1770 siste staden vi har mulighet til aa komme ut til great barrier reef. Saa gaar turen til Fraser island.
Ellers brukar vi dagane paa aa bade og surfe til tross for mengder med tigerhai og dodelige brennmanetar.

Dersom nokon prover aa faa tak i meg paa telefon saa er det nok umulig her grunna manglande telefondekning.

Airlie beach

Her kjem ein liten raport Queensland.

Diverre har eg ikkje muligheit til aa legge ut bilete endaa, men dei kjem nok seinare.
 
Vi er no komen til Airlie beach og Whitsunday islands. Vi var 3 netter i Cairns og maatte takle veldig tropisk klima med mykje regn, hog temperatur og ekstrem luftfuktigheit.
Etter ei natt i Townsville er vi no ved eit av hogdepunkta paa turen.

Imorgon blir det litt luksus med seiltur ut til Whitsundays islands og Whitehaven beach som er etter rykta aa dome kanskje verdens beste strand. Vi skal ogsaa prove aa faa dykka litt i great barrier reef, ivertfall litt snorkling. Alt avhenger av kor mykje pengar eg kan presse ut av eit sterkt begrensa reisebudsjett.

Heldigvis er det veldig stor konkurranse paa alt som har med turisme aa gjere saa vi betalar aldri meir enn ein hundrelapp for upaaklagelig overnatting med alle muligheiter til aa lage mat sjol og leve veldig billig.

Ferie !



No er det ferie, enkelte lurar kanskje på om ikkje ferien min er ferdig, men det er faktisk no den byrjar. Idag gjorde eg ferdig min siste eksamen og sekken er allereie pakka og klar til å reise til Cairns imorgon tidleg.

Etter å ha gjort ivertfall 3 av 4 gode eksamenar reisar eg med god samvittigheit. Det blir godt med 3 månedars ferie før skulen startar igjen i mars.
Som dykk ser på kartet ligg Cairns ganske langt nord i Australia, noko som betyr ekstrem varme, men heldigvis er vi godt forberedt. Vi kjøpte kjølebaggar idag med plass til 18 øl.

Planer er å fly opp til Cairns sammen med Keltie (Canada) og Daniel (Tyskland) for så å leige ein bil og kjøre heile veien tilbake til Sydney. Det er ganske mykje vei å tilbakelegge, mem med mykje å sjå og mykje tid er det ingen problem.

Det er monge høgdepunkt på turen, f.eks. Great barrier reaf, Frasier island, Noosa og Goald coast for å nevne nokre. Så det er berre å sjå fram til bilete på bloggen.

Kengeru i Glenbrook

Glenbrook ligg ca. 30 minutt frå der eg bor. Det er starten på Blue Mountains national park, tek du turen til Sydney er nok dette den enklaste plassen å sjå kengeruar.
Eg kom meg så nært som en halv meter frå en Kengeru før dei hoppar vekk.
Diverre så er det litt dårleg bildekvalitet fordi det var litt seint på kvelden.

        

Surfers Paradise

Før eksamensperioda tok til tok vi like godt ein liten velfortjent ferie til Surfers Paradise. Byen heiter faktisk Surfers Paradise og er nettopp det. Det er vel eigentleg ikkje ein by, men meir ein kunstig samling av leiligheitshotell. Det er nesten ingen fastbuande der, men det er fullt av liv og kvalifiserar til det du kan kalle "turist trap." Vi var flinke og havna ikkje i noken av dei, mest pga. et sterkt begrensa budsjett.

Vi var veldig heldige og fikk ei kjempestor leilighet med 2 soverom, 2 bad, 2 balkongar, stort kjøkken og stor stue til ein latterleg pris (ca. 100 kr natta per person). Vi var 4 stykker på rommet og tilsammen 7 stykker med på turen (gruppebilde har folk fra Norge, Tyskland, Canada, USA og Israel).



Rommet vårt var i 22 etasje med ei glimrande utsikt over ei strand som strekker seg over heilt gold coast (bilde nr. 1). Bilde nr. 2 viser utsikt fra stranda til hotellet vårt (det runde).
Bilde 3 viser utsikt andre veien til Surfers Paradise, som du ser er det ein by på kanten av stranda.

        

Vi var også på nokre utflukter og under ser du bilete av meg og Maria Skåren, som nokre av dykk kjenner fra Bjerkely Folkehøgskule. Ho bor i brisbane og har ein blogg med det oppfinnsomme navnet Maria down under (marias.weblogg.no/australia). Vi tok ein liten båttur i elva i Brisbane og fekk eit fint bilete av byen.

              

På bilete under er eg ved Australias austlegaste punkt i Byron Bay.
Tok også med eit bilete av Sydney i solnedgang fra flyturen heim. Sydney er ein fasinerande by, gled dykk alle som har tenkt å ta turen dit.

          

Framover no er det berre eksamenslesing. Eg leverte inn ein heimeeksamen idag som eg har brukt heile helga på å løyse, vidare blir det vanlege eksamenar 15. 16. og 22. november. Før det blir meir ferie :-)

Hike in Blue Mountains

I starten av oktober var vi på ein 5-6 timers gåtur i Blue Mountains. Dagen før hadde den største mengda nedbør på 24 timar i år, så alt var vått og godt.

Turen var fantastisk og det føltes godt å få bevegd litt på seg. Vi kom også ganske nær dyrelivet i Australia, kanskje litt for nær. Slangen under til venstre er ikkje ein del av dyrelivet eg likar å sjå. Eg såg den først når den var 20 cm fra foten min. Den er ganske liten, men farlig. Det er faktisk ein eastern brown snake som er nummer 2 på lista over verdens mest giftige slangar, pga. dens agressive natur er det kanskje den mest dødelige slangen i verden.

Blir du bitt har du dårleg med tid på å nå sjukehuset, noko som kan være eit problem når du er på ein lang gåtur med begrensa mobildekning. Slangane likar veldig godt å ligge på stien og slikke sol. Vi må derfor heile tida halde auge med stien framfor oss. Det øydelegg turopplevelsen litt.

Heldigvis er ikkje slangar daglegdags her, så den slangen var forhåpentligvis den einaste eg kjem til å sjå i New South Wales.

Slangar eller ikkje, ein dag i bushen ga definitivt meirsmak og er noko vi må gjere mykje meir av før det blir altfor varmt.

Det er ikkje berre alle dyra som visar at sommaren er på veg. Vi har hatt ein maks temperatur på 38 grader, som er den høgaste oktober temperaturen nokon gong målt. (Den globale oppvarminga er faktisk global.)

Den 27. oktober tek eg ein liten ferie før eksamensstresset byrjar. Eg reiser til Goald Coast, også kalla surfers paradise. Vi har ordna med tur-retur flytur til 500 kr og 100 kr natta for overnatting på eit hotell ved stranda. Så alt er duka for sol, sommer og surfing på Australias gull kyst.

                


New Zealand

Eg kom heim fra New Zealand den 22. september, men grunna mykje skulearbeid og midt-semester eksamen har eg ikkje fått lagt ut rapport fra New Zealand turen. Men endeleg er den etterlengta rapporten her.

New Zealand er eit land eg kan anbefale til alle, og den beste måten å sjå landet på er vel ved å gjere som vi gjorde. Leige ein bobil og kjøre rundt. Diverre er det mykje å sjå og tida er knapp. Så dersom nokon har tenkte seg til NZ anbefalar eg å ta ein lang ferie der.

Vi var der berre i 11 dagar, men rakk faktisk å reise rundt heile sør-øya og sjå det meste vi ville sjå. Eg har delt opp bilete og kommentarar i dagar. Ei advaring er også på sin plass, det er ekstremt monge bilete i denne postinga og alle detaljane er kun for spesielt interesserte.

Dag 1, 11/9:

Vi ankom Christchurch flyplass seint på kvelden, så veien gikk rett til et hostell (vi starta og avslutta turen med litt luksus.) Det var laurdag kveld så vi gikk ein liten tur ut på byen for å sjekke ut utelivet i Christchurch.

Dag 2, 12/9:

Det vart ein tidleg søndag morgon. Vi var ivrige etter å starte ferien og komme oss på veien. Vi henta vår lille, men ganske så stilige bobil. Vi hadde på forehand bestilt den billegaste bilen det gikk å få tak i for 3 personar. Til saman vart det 60 dollar dagen, men full forsikring av alle slag. Det blir litt under 100 kr per person. Noko som er ganske billeg for leige av bil og samtidig overnatting. Sjøl om bilen var liten hadde den alt av utstyr. Gassovn, grill, kjøleskap, vask, og ellers alt av kjøkkenutstyr. Vi fikk til og med soveposar og håndukar.Bilen har ei dobbeltseng nede og ei lita seng oppe i 2. etasje som du drar ut for natta.

 
Vel fornøgde og klare til å starte turen.

Vi tok turen rett nordover og sikta oss med ein gong inn på nokre varme kilder. Dei nærmaste var Hamner springs litt nord for Christchurch. Her fikk vi ein genial og avslappande start på turen. Kildene var til tider litt for varme, vel 40 grader.

         

Etter eit bad tok vi turen vidare nordover i forsøk på å nå Kaikoura. Her fikk vi erfare at New Zealand har til tider ganske ville vegar og i mørket er det vanskeleg og ikkje minst farleg å prøve å styre unna alle kaninane som hoppar ut i vegen. Vi nådde Kaikoura lenge etter det var blitt mørkt og fann oss ein parkeringsplass ved havet der det visstnok skulle være ein selkoloni.

Dag 3, 13/9:

Vi vart ikkje skuffa når vi våkna opp, vi hadde ei fantastisk utsikt ut mot havet og inn mot fjella over Kaikoura. Og riktignok var det ein sel som hoppa rundt bilen vår.

   

Tok også med eit bilete av Mike som er i full gang med middag i vår lille bobil, vi laga mat i bilen vår nesten kvar dag. Legg merke til kanskje verdens beste øl, Steinlager.

Vi tok turen vidare nordover til Blenheim, som ligg i det største vindistriktet i NZ. Så her måtte vi selvfølgelig besøke ein vingård. Vi fann tilfeldigvis den største i NZ.

       

Vi var no nesten ved det nordlegaste punktet på sør-øya og turen gjekk vidare vestover til Nelson, ein fin liten by som visstnok skal være den mest solfylte. Men det regna diverre når vi var der.Vi overnatta her for første og siste gong på ein campingplass for bobilar, noko som vi fann ut var heilt unødvendig. Kven treng vel å dusje ? Dessuten blir batteriet for å drive f.eks. kjøleskap lada opp når vi kjører.

   

Tok også med eit bilete som illustrerer ganske bra dei vannvittige veiane og ikkje minst fartsgrensene i NZ.

Dag 4, 14/9:

No var vi endeleg framme ved ei av høgdepunkta på turen, Abel Tasman national park. Vi var heldig med været og hadde strålande solskinn. Vi tok ein båt ut til ei strand og gikk derifra ein 2 timers gåtur gjennom jungel/skog fra strand til strand for så å bli plukka opp igjen av båten seinare på dagen. Ein fantastisk dag, det var ganske varmt og eg vart faktisk litt frista til å bade heilt til eg stakk tåa ned i vatnet.

                       

Dag 5, 15/9:

No starta turen nedover vestkysten. Det er ein fantastisk kjøretur med ville vegar og klipper ut mot havet. Første stopp var Westport, der vi hadde høyrt rykter om ei lite lokalt bryggeri. Diverre hadde dei ikkje omvisningar, men dei var veldig ivrige på å gi oss så mykje smaksprøver som vi ville ha.

   

Turen gjekk vidare nedover vestkysten til Pancake rocks. Pancake rocks er klipper som rett og slett ser ut som monge pannekaker. Det er fortsatt eit stort mysterium for geologar korleis desse klippene vart til.
       

Dag 6, 16/9:

Ein av dei største turistattraksjonane på sør-øya er isbrear. Vi måtte selvfølgelig ta ein kikke på dei så vi stoppa ved Franz Josef glacier. Vi forventa vel ikkje å sjå noko anna enn ei brearm og det var stort sett det vi fekk sjå. Det er populært og ta turar på isbreen, men vi hadde verken pengar eller tid.

   

Som du ser av biletet var ikkje isbreen særleg imponerande, men fjella rundt var det ikkje noko i veien med.

Vi fikk også med oss lit av det lokale dyrelivet. Til venstre er ein Weka, dei finst overalt og er slett ikkje redd for folk. Til høgre er ein Kiwi som er veldig sjy, du skal derfor ha eindel flaks for å ta bilete av ein.

   

Dag 7, 17/9:

Denne dagen kom vi oss heilt til Queenstown som er det ultimate for alle som vil bruke penger. Det er verdenshovudstaden for ekstremsport. Etter å ha gått litt rundt i Queenstown vart det litt for mykje for oss, etter så monge dagar på landet måtte vi ut av byen igjen og fann ein fin plass utanfor Queenstown som heiter Glenorchy. Her reid vi på hestar, faktisk på plassen der dei filma Isengard i Ringenes herre, vi hadde også utsikt over Misty mountains. Alt i NZ handlar om ringenes herre, det er faktisk umuleg å unngå å bli fylt med ringenes herre info.

   

Dag 8, 18/9:

Etter ei natt i Glenorchy prøvde vi oss igjen på Queenstown. Som sagt er Queenstown laga for å ta alle pengane dine, med alle slags shopping, uteliv og ekstremsport tilbud. Og kva er ikkje det ultimate ekstremsporttilbudet ? Strikk hopping, eg måtte berre prøve det sida eg var i Queenstown. Hoppet var ca. 50 meter fra ein platform og ned mot ein skog, eg kan fortsatt ikkje forstå korleis eg turde å hoppe utfor kanten. All logikk sa meg at det ikkje var det rette å gjere. Ein stor faktor som gjorde at eg hoppa var tanken på alle pengane eg ikkje ville få tilbake.Ein ting er sikkert, strikk hopping er ein fantastisk følelse og kanskje det ultimate adrenalin rushet. Det ga meg definitivt lyst til å prøve igjen.
       

11 dagar er for lite til å sjå alt, vi måtte derfor droppe Milford Sound som er ein av dei mest berømte fjordane i NZ. I tillegg til den store omvegen, var været også veldig dårlig og sjangsane var store for veiane var igjensnødde. Å gå glipp av ein fjord tok ikkje eg så tungt.

Vi måtte derimot komme oss mot aust i forsøk på å nå Dunedin neste dag. Vi måtte stoppe på ein fjellovergang mellom Chirstchurch og Dunedin på grunn av snøstorm. Vi hadde fått opplæring i å ta på kjettingar med utleigefirmaet, men det var rett og slett uaktuelt å begynne med det mitt oppe på fjellet. Det var dessutan mørkt og umuleg å sjå veien. Vi hadde flaks.. det var selvføleleg en pub midt oppe på fjellet, milevis fra folk. Vi overnatta på parkeringsplassen, noko som var ein ganske kjølig opplevelse i minusgrader.

Bilete viser Mike som nyter ein øl foran peisen mens snøstormen herjar ute og bilen vår neste dag.

   

Dag 9, 19/9:

Endeleg nådde vi Dunedin. Dunedin er ein vakker by, og ein av dei største studenbyane i NZ. Vi var derimot uheldig med været, så Dunedin vart ein sur og kald opplevelse for oss. Ein av dei store høgdepunkta var besøk på Cadbury sjokoladefabrikk.



Bilete viser faktisk 1 tonn med sjokolade i et 23 sekunders fritt fall.

Eit av dei store måla med turen vår var å sjå pingvina. Vi for derfor ut til Otago Peninsula, som skulle ha eindel pingvinar. Det vart ein kort tur, det var nesten umuleg å gå ute pga. vinden og dei tok selvfølelig altfor mykje pengar for å kjøre deg ut til pinvinane.

Vi reiste derfor vidare nordover til eit anna høgdepunkt. Moeraki boulders, som er runde steinar forma inne i fjellet og skylt ut på stranda. Her overnatta vi og fekk sjå steinane både om kvelden og morgonen.

   

Dag 10, 20/9:

Vår jakt etter pingvinar var ikkje over så vi stoppa på to andre pingvin koloniar på vei nordover. Det einaste vi såg var selar som vi fikk meir enn nok av på turen. Det nærmaste vi kom pingvinar var dette skiltet.

       

Ingen pingvinar, men andre dyr såg vi. I tillegg til sauar (det er 10 sau per person i NZ), såg vi også monge som dreiv med hjorteoppdrett. I høge gjerde er det store flokkar med hjort langs veien rundt heile sør-øya.

Vi kjørte veldig langt på dag 10 og kom oss heilt til Christchurch og overnatta på Akaroa, ein fantastisk plass ein times tid utanfor byen.

Dag 11, 21/9:

Vi var no tilbake til utgangspunktet og brukte den siste dagen på å sjå Christchurch, ein veldig britisk/fransk inspirert by med flotte bygningar og ein fantastisk botanisk hage. Har diverre ikkje så monge digitale bilete fra byen.



Vi tilbrakte siste natta i luksus på samme hostellet som vi bodde på første natta, vi spanderte også på oss ein middag ute. For så å stå opp klokka 4 om morgonen for å ta flyet tilbake til Sydney.


Avreise til New Zealand

No er det berre ein times tid til vi reiser til New Zealand. Blir godt med ei ferie, det har vært fryktelig mykje arbeid på skulen i det siste. Etter ferien er det midt-semester eksamen så det gjeld å ikkje henge etter.

Håper det ikkje blir altfor vanskelig å komme seg ut av landet, har hørt det er mykje styr på flyplassen i Sydney pga. det foreståande terrorangrepet på Australia og det faktum at det er 11. september idag.

Tok med eit bilete av bilen vi har leigd, den skal være vår bolig dei neste 10 dagane. Snnsynlegvis blir det nok litt hotell opphald. NZ ligg sør for Australia og er også fortsatt midt i vinteren. Så temperaturar ned mot 0 grader om natta må vi rekne med.


Akvarium besøk



På søndag tok vi turen til Sydney akvarium, som visstnok skal være eit av dei beste i verden, og vi vart heller ikkje skuffa. Vi kunne gå gjennom ein tunell under vatnet og ta glimrande bilete av digre haiar. Eg er veldig fornøgd med biletet over. Å ta gode akvarium bilete er vanskeleg.

           
        

Surfing på Manly beach

Utruleg nok var vi for første gong på stranda på laurdag og gjorde det ein gjer på ei strand i Australia... surfing...

Det er nok ingen tvil om at eg allereie er bitt av surfe-basillen. Temperaturen i vatnet var behagelige (med våtdrakt) 19 grader. Bølgene var store, og etter ein time fekk vi erfare at det er noko som heiter nybyrjar bølge. Det var ikkje dei vi starta med.
Den største utfordringa i starten var å komme seg så utafor det punktet der bølgene bryt. Du padlar 5 meter, blir slått overende og befinn det 4,5 meter lenger bak. Etter å ha kome langt nok ut er livet faktisk ganske behagelig, det er berre å sitte på surfebrettet og vente på den ultimate bølga.
Når du ser ei stor bølge på veg er det berre å padle som ein helt for å få litt fart, plutselig kjenner du ei altfor stor bølge trykke deg i voldsom fart framover. Det er når dette skjer at du skal reise deg opp og surfe... det er ikkje så lett. Men etter ein times surfing kom eg meg på beina to gonger, noko som eg er ganske fornøgd med.

Ein ting er sikkert, surfing blir det meir av !

                          
Dette var gjengen             Oversikt over Manly       Dette er meg etter nokre
eg reiste saman med.        beach.                            få veker med trening.


Eels vs Panters



På laurdag var vi på rugby kamp for første gong. Som dei fleste sikkert veit er rugby veldig stor her i Australia. Dei har faktisk 3 forskjellige typar rugby. NRL (National rugby leage), NRU (National rugby union), og AFL (Australian football leage). Det vi var og såg på var ein NRL kamp mellom Paramatta Eels og Penrith Panters.

Det var ca. 14.000 tilskuera, noko som ikkje var så særlig mykje med tanke på at det var eit lokalt oppgjær og "play-off" kamp. Men stemninga var god og Penrith Panters vann 20-30.

 

Sommerlig vinter

Det er framleis vinter her i Australia, men vi lid ikkje. Idag er det 25 grader ute og som vanleg ikkje ei sky på himmelen. Det einaste vi manglar er regn... August er den måneden i året med minst nedbør, noko som gjer alt tørt og vissent.

Tok med eit bilete som viser at det ikkje berre er oss menneske som trivst i varmen. Dei fleste små dyr byrjar å vise seg oftare. Denne krabaten er inne på Mike sitt rom. Vi har myggnetting i vindauget, men dei klarar alltid å finne ein veg inn i huset.


Tur til Blue Mountains

Etter å ha vært i Australia i over ein måned har eg endeleg fått tid og anledning til ein tur til Blue mountains. Blue mountains er ein av dei største turistatraksjonane i Australia og berre ein times kjøretur frå Penrith.
Eg prøvde å ha lave forventningar til desse fjella for å ikkje bli skuffa, men det hjalp ikkje. Blue mountains er ikkje blå, men har ein blå farge pga. eucalyptus olje som fordampar og gir ein blåfarge i lufta.

Det første biletet er eit panorama bilde med ekstremt vid vinkel.


            

       

Første biletet viser heile reisefølget: f.v. Daniel, Noge og Alex.
Nest siste bilde viser tree sisters, som sannsynlegvis er dei mest
fotograferte fjellklippene i Blue mountains. Dei var eigentlig 7 søstre,
men 4 raste ned for lenge sidan.
Det siste biletet viser den einaste koalaen vi såg. Dei var vanskelege å finne.

Etter å ha sett på fjella gjekk vi under dei. Vi tok turen til Jenolan caves.
Der fikk vi ein times guida tur og ein del bilete. Eg gir meg ikkje ut på å
kommentere alle bileta, men som dykk ser er det stort sett stalagtittar og
stalagmittar.

       

       

       

Tur til New Zealand

                                                      

Billettane er allereie bestillt og reiseruta er nesten klar. Så no vert det tur til New Zealand i "midt semester ferien" (11. September til 22. september.)


Vi blir 3 stykker som reiser. Eg, min sambuar Mike og Kelti som også er frå Canada. Planen er å leige ein bobil slik at vi kan reise og bo billig. Vi kjem til å halde oss på sør-øya sidan det er der det er mest å sjå, men også grunna økonomi og tid.

Sidan eg er i Australia må eg jo innom New Zealand. Det er mykje billigare å reise no enn i sommarferien (desember, januar og februar.) Flybilletten tur-retur Sydney - Christchurch kosta 1500 kr.

Tok her med ei bilete av Mike og Kelti (dei er ikkje så kjedelige som dei ser ut på dette biletet.)

              


Bilkjøp

Daniel frå Tyskland (til venstre), Alex og Noga til høgre (Israel)
var og handla bilar på laurdag. Eg kjøpte ikkje bil, men dei fikk
seg kvar sin.



             
Dette er bilen dei kjøpte (ja dei kjøpte faktisk samme bilen). Sammen
med et bilde som viser kor skrøpelige plassar du måtte besøke for å
finne bilar frå 10 000 kr og nedover. Det som er annaleis i Australia er
at størrelse spelar inga rolle. Du sparar ikkje pengar på å kjøpe eller 
eige ein liten bil, så kvifor ikkje kjøpe ein stor.


Tok med et bilete av Panters. Panters er ein sportsklubb i Penrith(den næraste byen.) Panters vann NRL (ein av 3 variantar rygby dei har i Australia) serien i fjor, så det er ein ganske velståande sportsklubb. Og dei er faktisk den største på den sørlige halvkule. Med over 2000 speleautomatar og fryktelig monge barar og diskotek. Eg har vært der eit par gongar på laurdagar, men det er ikkje ein hyggelig opplevelse. Det er rett og slett altfor stort.


Endelig datamaskin

Eg har no endelig skaffa meg ei datamaskin (Dell Inspiration 5150).
Ein bærbar brukt (4 mnd gammel) dell som eg er veldig fornøg med.





Livet i Australia

Etter 20 dagar "down under" er eg no godt igang med både skule og sosialt liv.

Den største skilnaden mellom skulesystemet her og i Noreg er at her handlar alt om pengar. Våre pengar. Grunna krav til effektiv bruk av pengar er talet på forlesningar mindre enn i Noreg, men til gjengjeld krevst det at du jobbar mykje meir enn i Noreg. 3 innleveringar står for tur berre etter ei veke... og store delar av karakteren baserar seg på desse innleveringane.
Sjølv om det ikkje er monge forelesningar er pensum mykje større enn i Noreg. Dette gjer at vi må finne ut og lære oss mykje sjølve. Dette kallar dei "the learning prosess"... som egentlig er ganske fornuftig.

Den største utfordringa no i starten er å følge med på forelesninga og samtidig ta notatar når alt er på engelsk. Innan fag som termodynamikk og mekanikk er det monge framandord som må slåast opp. Det gjer at ting tar litt lengre tid, men det går nok betre etter ei stund.

Ein av dei små irritasjonsmonenta med undervisninga her er blandinga av enhetar. Australia prøvar, men har ikkje heilt klart å komme fram til ein standard. Lærebøkene er amerikanske sjølv om Australia prøvar å innføre europeisk SI standard samtidig som den britiske standaren blandar seg inn her og der. Reknestykka blir litt meir kompliserte når det er blanding av fleire meter og feet i ei utrekning.
Utfordringa er stor nok når du skal handle kjøtt i kjøttdisken. Alle prisar er oppgitt i kilo, men all muntleg kommunikasjon går i pund.

Fikk lagt med nokre få bilete også:

Peter    Dette er Peter fra Tyskland, eigentleg er han          
    fra Usbekistan men har budd i Tyskland i 4 år.
    Han går under kallenavnet "2-meter Peter" av
    grunnar dykk sikkert ser på biletet.




   
   Dette er Mike fra Canada, nærare bestemt
   Ontario / Toronto. Han lagar veldig god mat.
   


Begge to er veldig greie folk som det sikkert vil dukke opp fleire bilete av.

    Dette er bygget der eg har flest forelesningar.
   "Scool of engineering and industrial design."              




   Dette skiltet måtte eg berre ta bilete av. 
   Det står ved hovedinngangen til universitetet.





Skulestart

Skulen starta på mandag, sjøl om dei fleste tutorials ikkje byrjar før neste veke (kvart fag har lectures, tutorials og practical.)
Den største skilnaden mellom høgare utdanning i Norge er kravet om oppmøte. Dersom det er 300 i ein forelesningssal sender dei rundt ei liste der alle 300 må skrive navnet sitt. Det blir nesten litt latterlig.

Ellers er eg veldig fornøgd med faga eg har valgt, dei virkar spanande og ikkje minst utfordrande.

Statics and Materials er vel det mest kjedelige av valge mine, men det skal visst være eit enkelt fag.
Automated manufacturing er eit bra fag. Vi lærer å masseprodusere f.eks. lypærer og liknande... mykje lab arbeid.
Thermofluid engineering er også eit spanande fag. Det hørest kjedlig ut, men vi lærer om alt frå atom energi til veskedynamikk og jet motorar. Vi skal på bedriftsbesøk og omvisningar "every 4th night" (annakvar veke.)
Intelligent control systems er et temmelig vanskelig fag med mykje programmering og matematikk. Ei av lab oppgavene er å kontrollere posisjonen til ei kule i lufta ved hjelp av luftstrømmar.

I tillegg til skulen er det sosiale også veldig bra her. Det som forundrar meg mest er at monge av festane har gratis mat og gratis alkohol. Slikt skjer ikkje i Noreg.

Kvar torsdag (i går) er det Swamp bar kveld. Swamp bar er baren som ligg på universitetsområdet. Dei har ein "pitcher" med øl (nøyaktig 1,142 l) for $7 (ca. 35 kr)... vennlige studentprisar.

Ellers skal eg på kengerusafari i helga. Det skal visst være mogeleg å sjå kengeruar berre 15 minutts gange herifra (ja... vi bur ganske langt ut på landet). Så med litt flaks blir det snart posta bilete av ville kengeruar.

Litt praktisk info

Har endeleg bestilt ny telefon her i Australia. Eg har ikkje sim kortet eller telefonen endå, men den skal være online innen 2-3 dagers tid (Mitt norske nummer fungerer fortsatt!)
Mitt nye nummer skal være: 0410752942 (vel og merke dersom du ringer fra Australia. Frå f.eks Norge må du taste +61 410752942 (61 er for å komme til Australia, ellers er nummeret det samme.. berre dropp første 0)

Adressa er:   Edith Street 2/5a
                    2747 Kingswood
                    AUSTRALIA

Besøk på kjøkkenet

Til no har dyrelivet i Australia vore ein skuffelse. Eg har nesten ikkje sett eit
einaste farleg dyr sidag eg kom hit. Det endra seg drastisk på onsdag då denne
lille krabaten sto midt på kjøkkenveggen !!

                                               
Denne edderkoppen er veldig død no og ligg på utstilling i kjøkkenvinduet vårt.
Som du ser er den ca. 9 cm brei !

Tur til Sydney

                 Oss forann operahuset
                Erik Løvlie, Eivind Liland og meg med operahuset i bakgrunnen.

Har vært i Sydney to gongar sidan eg kom til Australia. Det er ca. 45 minutters togtur frå
Penrith.

                
Operahuset i Sydney tek seg mykje betre ut i levande livet enn på bilete. Eg tok derfor
unødvendig monge bilete av denne bygninga. Legg heldigvis ikkje alle ut her.

                                            
Sydney Harbour bridge               Sydney Harbour bridge                 Circular Quay
få ein av Sydneys monge 
Parkar

                                            
Båttur. Utsikt mot Darling              Eirik og Eivind på parktur             Sydney tower Harbour.                                                                                 

Sydney Tower er ein stor versjon av Tyholt tårnet, desverre så kom ikkje bileta frå
toppen med her.

Kalde tider !

Det er fryktelig kaldt no for tida i Australia. Vi må faktisk bruke jakke !
Igår var visst den kaldaste dagen så langt i "vinter", temperaturen midt på dagen kom faktisk ikkje over 15 grader ! 
Idag har det også vore monge skyer på himmelen og faktisk bittelitt regn (Australierane fikk heilt panikk) Eg har også hørt rapportar om snø i nokre fjell berre en time herifra.

Gler meg til varmare tider....

hits