Surfing på Manly beach

Utruleg nok var vi for første gong på stranda på laurdag og gjorde det ein gjer på ei strand i Australia... surfing...

Det er nok ingen tvil om at eg allereie er bitt av surfe-basillen. Temperaturen i vatnet var behagelige (med våtdrakt) 19 grader. Bølgene var store, og etter ein time fekk vi erfare at det er noko som heiter nybyrjar bølge. Det var ikkje dei vi starta med.
Den største utfordringa i starten var å komme seg så utafor det punktet der bølgene bryt. Du padlar 5 meter, blir slått overende og befinn det 4,5 meter lenger bak. Etter å ha kome langt nok ut er livet faktisk ganske behagelig, det er berre å sitte på surfebrettet og vente på den ultimate bølga.
Når du ser ei stor bølge på veg er det berre å padle som ein helt for å få litt fart, plutselig kjenner du ei altfor stor bølge trykke deg i voldsom fart framover. Det er når dette skjer at du skal reise deg opp og surfe... det er ikkje så lett. Men etter ein times surfing kom eg meg på beina to gonger, noko som eg er ganske fornøgd med.

Ein ting er sikkert, surfing blir det meir av !

                          
Dette var gjengen             Oversikt over Manly       Dette er meg etter nokre
eg reiste saman med.        beach.                            få veker med trening.


Kommentarer:

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

hits