Hike in Blue Mountains

I starten av oktober var vi på ein 5-6 timers gåtur i Blue Mountains. Dagen før hadde den største mengda nedbør på 24 timar i år, så alt var vått og godt.

Turen var fantastisk og det føltes godt å få bevegd litt på seg. Vi kom også ganske nær dyrelivet i Australia, kanskje litt for nær. Slangen under til venstre er ikkje ein del av dyrelivet eg likar å sjå. Eg såg den først når den var 20 cm fra foten min. Den er ganske liten, men farlig. Det er faktisk ein eastern brown snake som er nummer 2 på lista over verdens mest giftige slangar, pga. dens agressive natur er det kanskje den mest dødelige slangen i verden.

Blir du bitt har du dårleg med tid på å nå sjukehuset, noko som kan være eit problem når du er på ein lang gåtur med begrensa mobildekning. Slangane likar veldig godt å ligge på stien og slikke sol. Vi må derfor heile tida halde auge med stien framfor oss. Det øydelegg turopplevelsen litt.

Heldigvis er ikkje slangar daglegdags her, så den slangen var forhåpentligvis den einaste eg kjem til å sjå i New South Wales.

Slangar eller ikkje, ein dag i bushen ga definitivt meirsmak og er noko vi må gjere mykje meir av før det blir altfor varmt.

Det er ikkje berre alle dyra som visar at sommaren er på veg. Vi har hatt ein maks temperatur på 38 grader, som er den høgaste oktober temperaturen nokon gong målt. (Den globale oppvarminga er faktisk global.)

Den 27. oktober tek eg ein liten ferie før eksamensstresset byrjar. Eg reiser til Goald Coast, også kalla surfers paradise. Vi har ordna med tur-retur flytur til 500 kr og 100 kr natta for overnatting på eit hotell ved stranda. Så alt er duka for sol, sommer og surfing på Australias gull kyst.

                


Tur til Blue Mountains

Etter å ha vært i Australia i over ein måned har eg endeleg fått tid og anledning til ein tur til Blue mountains. Blue mountains er ein av dei største turistatraksjonane i Australia og berre ein times kjøretur frå Penrith.
Eg prøvde å ha lave forventningar til desse fjella for å ikkje bli skuffa, men det hjalp ikkje. Blue mountains er ikkje blå, men har ein blå farge pga. eucalyptus olje som fordampar og gir ein blåfarge i lufta.

Det første biletet er eit panorama bilde med ekstremt vid vinkel.


            

       

Første biletet viser heile reisefølget: f.v. Daniel, Noge og Alex.
Nest siste bilde viser tree sisters, som sannsynlegvis er dei mest
fotograferte fjellklippene i Blue mountains. Dei var eigentlig 7 søstre,
men 4 raste ned for lenge sidan.
Det siste biletet viser den einaste koalaen vi såg. Dei var vanskelege å finne.

Etter å ha sett på fjella gjekk vi under dei. Vi tok turen til Jenolan caves.
Der fikk vi ein times guida tur og ein del bilete. Eg gir meg ikkje ut på å
kommentere alle bileta, men som dykk ser er det stort sett stalagtittar og
stalagmittar.

       

       

       

hits