Akvarium besøk



På søndag tok vi turen til Sydney akvarium, som visstnok skal være eit av dei beste i verden, og vi vart heller ikkje skuffa. Vi kunne gå gjennom ein tunell under vatnet og ta glimrande bilete av digre haiar. Eg er veldig fornøgd med biletet over. Å ta gode akvarium bilete er vanskeleg.

           
        

Surfing på Manly beach

Utruleg nok var vi for første gong på stranda på laurdag og gjorde det ein gjer på ei strand i Australia... surfing...

Det er nok ingen tvil om at eg allereie er bitt av surfe-basillen. Temperaturen i vatnet var behagelige (med våtdrakt) 19 grader. Bølgene var store, og etter ein time fekk vi erfare at det er noko som heiter nybyrjar bølge. Det var ikkje dei vi starta med.
Den største utfordringa i starten var å komme seg så utafor det punktet der bølgene bryt. Du padlar 5 meter, blir slått overende og befinn det 4,5 meter lenger bak. Etter å ha kome langt nok ut er livet faktisk ganske behagelig, det er berre å sitte på surfebrettet og vente på den ultimate bølga.
Når du ser ei stor bølge på veg er det berre å padle som ein helt for å få litt fart, plutselig kjenner du ei altfor stor bølge trykke deg i voldsom fart framover. Det er når dette skjer at du skal reise deg opp og surfe... det er ikkje så lett. Men etter ein times surfing kom eg meg på beina to gonger, noko som eg er ganske fornøgd med.

Ein ting er sikkert, surfing blir det meir av !

                          
Dette var gjengen             Oversikt over Manly       Dette er meg etter nokre
eg reiste saman med.        beach.                            få veker med trening.


Eels vs Panters



På laurdag var vi på rugby kamp for første gong. Som dei fleste sikkert veit er rugby veldig stor her i Australia. Dei har faktisk 3 forskjellige typar rugby. NRL (National rugby leage), NRU (National rugby union), og AFL (Australian football leage). Det vi var og såg på var ein NRL kamp mellom Paramatta Eels og Penrith Panters.

Det var ca. 14.000 tilskuera, noko som ikkje var så særlig mykje med tanke på at det var eit lokalt oppgjær og "play-off" kamp. Men stemninga var god og Penrith Panters vann 20-30.

 

Sommerlig vinter

Det er framleis vinter her i Australia, men vi lid ikkje. Idag er det 25 grader ute og som vanleg ikkje ei sky på himmelen. Det einaste vi manglar er regn... August er den måneden i året med minst nedbør, noko som gjer alt tørt og vissent.

Tok med eit bilete som viser at det ikkje berre er oss menneske som trivst i varmen. Dei fleste små dyr byrjar å vise seg oftare. Denne krabaten er inne på Mike sitt rom. Vi har myggnetting i vindauget, men dei klarar alltid å finne ein veg inn i huset.


Tur til Blue Mountains

Etter å ha vært i Australia i over ein måned har eg endeleg fått tid og anledning til ein tur til Blue mountains. Blue mountains er ein av dei største turistatraksjonane i Australia og berre ein times kjøretur frå Penrith.
Eg prøvde å ha lave forventningar til desse fjella for å ikkje bli skuffa, men det hjalp ikkje. Blue mountains er ikkje blå, men har ein blå farge pga. eucalyptus olje som fordampar og gir ein blåfarge i lufta.

Det første biletet er eit panorama bilde med ekstremt vid vinkel.


            

       

Første biletet viser heile reisefølget: f.v. Daniel, Noge og Alex.
Nest siste bilde viser tree sisters, som sannsynlegvis er dei mest
fotograferte fjellklippene i Blue mountains. Dei var eigentlig 7 søstre,
men 4 raste ned for lenge sidan.
Det siste biletet viser den einaste koalaen vi såg. Dei var vanskelege å finne.

Etter å ha sett på fjella gjekk vi under dei. Vi tok turen til Jenolan caves.
Der fikk vi ein times guida tur og ein del bilete. Eg gir meg ikkje ut på å
kommentere alle bileta, men som dykk ser er det stort sett stalagtittar og
stalagmittar.

       

       

       

Tur til New Zealand

                                                      

Billettane er allereie bestillt og reiseruta er nesten klar. Så no vert det tur til New Zealand i "midt semester ferien" (11. September til 22. september.)


Vi blir 3 stykker som reiser. Eg, min sambuar Mike og Kelti som også er frå Canada. Planen er å leige ein bobil slik at vi kan reise og bo billig. Vi kjem til å halde oss på sør-øya sidan det er der det er mest å sjå, men også grunna økonomi og tid.

Sidan eg er i Australia må eg jo innom New Zealand. Det er mykje billigare å reise no enn i sommarferien (desember, januar og februar.) Flybilletten tur-retur Sydney - Christchurch kosta 1500 kr.

Tok her med ei bilete av Mike og Kelti (dei er ikkje så kjedelige som dei ser ut på dette biletet.)

              


Bilkjøp

Daniel frå Tyskland (til venstre), Alex og Noga til høgre (Israel)
var og handla bilar på laurdag. Eg kjøpte ikkje bil, men dei fikk
seg kvar sin.



             
Dette er bilen dei kjøpte (ja dei kjøpte faktisk samme bilen). Sammen
med et bilde som viser kor skrøpelige plassar du måtte besøke for å
finne bilar frå 10 000 kr og nedover. Det som er annaleis i Australia er
at størrelse spelar inga rolle. Du sparar ikkje pengar på å kjøpe eller 
eige ein liten bil, så kvifor ikkje kjøpe ein stor.


Tok med et bilete av Panters. Panters er ein sportsklubb i Penrith(den næraste byen.) Panters vann NRL (ein av 3 variantar rygby dei har i Australia) serien i fjor, så det er ein ganske velståande sportsklubb. Og dei er faktisk den største på den sørlige halvkule. Med over 2000 speleautomatar og fryktelig monge barar og diskotek. Eg har vært der eit par gongar på laurdagar, men det er ikkje ein hyggelig opplevelse. Det er rett og slett altfor stort.


Endelig datamaskin

Eg har no endelig skaffa meg ei datamaskin (Dell Inspiration 5150).
Ein bærbar brukt (4 mnd gammel) dell som eg er veldig fornøg med.





Livet i Australia

Etter 20 dagar "down under" er eg no godt igang med både skule og sosialt liv.

Den største skilnaden mellom skulesystemet her og i Noreg er at her handlar alt om pengar. Våre pengar. Grunna krav til effektiv bruk av pengar er talet på forlesningar mindre enn i Noreg, men til gjengjeld krevst det at du jobbar mykje meir enn i Noreg. 3 innleveringar står for tur berre etter ei veke... og store delar av karakteren baserar seg på desse innleveringane.
Sjølv om det ikkje er monge forelesningar er pensum mykje større enn i Noreg. Dette gjer at vi må finne ut og lære oss mykje sjølve. Dette kallar dei "the learning prosess"... som egentlig er ganske fornuftig.

Den største utfordringa no i starten er å følge med på forelesninga og samtidig ta notatar når alt er på engelsk. Innan fag som termodynamikk og mekanikk er det monge framandord som må slåast opp. Det gjer at ting tar litt lengre tid, men det går nok betre etter ei stund.

Ein av dei små irritasjonsmonenta med undervisninga her er blandinga av enhetar. Australia prøvar, men har ikkje heilt klart å komme fram til ein standard. Lærebøkene er amerikanske sjølv om Australia prøvar å innføre europeisk SI standard samtidig som den britiske standaren blandar seg inn her og der. Reknestykka blir litt meir kompliserte når det er blanding av fleire meter og feet i ei utrekning.
Utfordringa er stor nok når du skal handle kjøtt i kjøttdisken. Alle prisar er oppgitt i kilo, men all muntleg kommunikasjon går i pund.

Fikk lagt med nokre få bilete også:

Peter    Dette er Peter fra Tyskland, eigentleg er han          
    fra Usbekistan men har budd i Tyskland i 4 år.
    Han går under kallenavnet "2-meter Peter" av
    grunnar dykk sikkert ser på biletet.




   
   Dette er Mike fra Canada, nærare bestemt
   Ontario / Toronto. Han lagar veldig god mat.
   


Begge to er veldig greie folk som det sikkert vil dukke opp fleire bilete av.

    Dette er bygget der eg har flest forelesningar.
   "Scool of engineering and industrial design."              




   Dette skiltet måtte eg berre ta bilete av. 
   Det står ved hovedinngangen til universitetet.





hits