Hike in Blue Mountains

I starten av oktober var vi på ein 5-6 timers gåtur i Blue Mountains. Dagen før hadde den største mengda nedbør på 24 timar i år, så alt var vått og godt.

Turen var fantastisk og det føltes godt å få bevegd litt på seg. Vi kom også ganske nær dyrelivet i Australia, kanskje litt for nær. Slangen under til venstre er ikkje ein del av dyrelivet eg likar å sjå. Eg såg den først når den var 20 cm fra foten min. Den er ganske liten, men farlig. Det er faktisk ein eastern brown snake som er nummer 2 på lista over verdens mest giftige slangar, pga. dens agressive natur er det kanskje den mest dødelige slangen i verden.

Blir du bitt har du dårleg med tid på å nå sjukehuset, noko som kan være eit problem når du er på ein lang gåtur med begrensa mobildekning. Slangane likar veldig godt å ligge på stien og slikke sol. Vi må derfor heile tida halde auge med stien framfor oss. Det øydelegg turopplevelsen litt.

Heldigvis er ikkje slangar daglegdags her, så den slangen var forhåpentligvis den einaste eg kjem til å sjå i New South Wales.

Slangar eller ikkje, ein dag i bushen ga definitivt meirsmak og er noko vi må gjere mykje meir av før det blir altfor varmt.

Det er ikkje berre alle dyra som visar at sommaren er på veg. Vi har hatt ein maks temperatur på 38 grader, som er den høgaste oktober temperaturen nokon gong målt. (Den globale oppvarminga er faktisk global.)

Den 27. oktober tek eg ein liten ferie før eksamensstresset byrjar. Eg reiser til Goald Coast, også kalla surfers paradise. Vi har ordna med tur-retur flytur til 500 kr og 100 kr natta for overnatting på eit hotell ved stranda. Så alt er duka for sol, sommer og surfing på Australias gull kyst.

                


New Zealand

Eg kom heim fra New Zealand den 22. september, men grunna mykje skulearbeid og midt-semester eksamen har eg ikkje fått lagt ut rapport fra New Zealand turen. Men endeleg er den etterlengta rapporten her.

New Zealand er eit land eg kan anbefale til alle, og den beste måten å sjå landet på er vel ved å gjere som vi gjorde. Leige ein bobil og kjøre rundt. Diverre er det mykje å sjå og tida er knapp. Så dersom nokon har tenkte seg til NZ anbefalar eg å ta ein lang ferie der.

Vi var der berre i 11 dagar, men rakk faktisk å reise rundt heile sør-øya og sjå det meste vi ville sjå. Eg har delt opp bilete og kommentarar i dagar. Ei advaring er også på sin plass, det er ekstremt monge bilete i denne postinga og alle detaljane er kun for spesielt interesserte.

Dag 1, 11/9:

Vi ankom Christchurch flyplass seint på kvelden, så veien gikk rett til et hostell (vi starta og avslutta turen med litt luksus.) Det var laurdag kveld så vi gikk ein liten tur ut på byen for å sjekke ut utelivet i Christchurch.

Dag 2, 12/9:

Det vart ein tidleg søndag morgon. Vi var ivrige etter å starte ferien og komme oss på veien. Vi henta vår lille, men ganske så stilige bobil. Vi hadde på forehand bestilt den billegaste bilen det gikk å få tak i for 3 personar. Til saman vart det 60 dollar dagen, men full forsikring av alle slag. Det blir litt under 100 kr per person. Noko som er ganske billeg for leige av bil og samtidig overnatting. Sjøl om bilen var liten hadde den alt av utstyr. Gassovn, grill, kjøleskap, vask, og ellers alt av kjøkkenutstyr. Vi fikk til og med soveposar og håndukar.Bilen har ei dobbeltseng nede og ei lita seng oppe i 2. etasje som du drar ut for natta.

 
Vel fornøgde og klare til å starte turen.

Vi tok turen rett nordover og sikta oss med ein gong inn på nokre varme kilder. Dei nærmaste var Hamner springs litt nord for Christchurch. Her fikk vi ein genial og avslappande start på turen. Kildene var til tider litt for varme, vel 40 grader.

         

Etter eit bad tok vi turen vidare nordover i forsøk på å nå Kaikoura. Her fikk vi erfare at New Zealand har til tider ganske ville vegar og i mørket er det vanskeleg og ikkje minst farleg å prøve å styre unna alle kaninane som hoppar ut i vegen. Vi nådde Kaikoura lenge etter det var blitt mørkt og fann oss ein parkeringsplass ved havet der det visstnok skulle være ein selkoloni.

Dag 3, 13/9:

Vi vart ikkje skuffa når vi våkna opp, vi hadde ei fantastisk utsikt ut mot havet og inn mot fjella over Kaikoura. Og riktignok var det ein sel som hoppa rundt bilen vår.

   

Tok også med eit bilete av Mike som er i full gang med middag i vår lille bobil, vi laga mat i bilen vår nesten kvar dag. Legg merke til kanskje verdens beste øl, Steinlager.

Vi tok turen vidare nordover til Blenheim, som ligg i det største vindistriktet i NZ. Så her måtte vi selvfølgelig besøke ein vingård. Vi fann tilfeldigvis den største i NZ.

       

Vi var no nesten ved det nordlegaste punktet på sør-øya og turen gjekk vidare vestover til Nelson, ein fin liten by som visstnok skal være den mest solfylte. Men det regna diverre når vi var der.Vi overnatta her for første og siste gong på ein campingplass for bobilar, noko som vi fann ut var heilt unødvendig. Kven treng vel å dusje ? Dessuten blir batteriet for å drive f.eks. kjøleskap lada opp når vi kjører.

   

Tok også med eit bilete som illustrerer ganske bra dei vannvittige veiane og ikkje minst fartsgrensene i NZ.

Dag 4, 14/9:

No var vi endeleg framme ved ei av høgdepunkta på turen, Abel Tasman national park. Vi var heldig med været og hadde strålande solskinn. Vi tok ein båt ut til ei strand og gikk derifra ein 2 timers gåtur gjennom jungel/skog fra strand til strand for så å bli plukka opp igjen av båten seinare på dagen. Ein fantastisk dag, det var ganske varmt og eg vart faktisk litt frista til å bade heilt til eg stakk tåa ned i vatnet.

                       

Dag 5, 15/9:

No starta turen nedover vestkysten. Det er ein fantastisk kjøretur med ville vegar og klipper ut mot havet. Første stopp var Westport, der vi hadde høyrt rykter om ei lite lokalt bryggeri. Diverre hadde dei ikkje omvisningar, men dei var veldig ivrige på å gi oss så mykje smaksprøver som vi ville ha.

   

Turen gjekk vidare nedover vestkysten til Pancake rocks. Pancake rocks er klipper som rett og slett ser ut som monge pannekaker. Det er fortsatt eit stort mysterium for geologar korleis desse klippene vart til.
       

Dag 6, 16/9:

Ein av dei største turistattraksjonane på sør-øya er isbrear. Vi måtte selvfølgelig ta ein kikke på dei så vi stoppa ved Franz Josef glacier. Vi forventa vel ikkje å sjå noko anna enn ei brearm og det var stort sett det vi fekk sjå. Det er populært og ta turar på isbreen, men vi hadde verken pengar eller tid.

   

Som du ser av biletet var ikkje isbreen særleg imponerande, men fjella rundt var det ikkje noko i veien med.

Vi fikk også med oss lit av det lokale dyrelivet. Til venstre er ein Weka, dei finst overalt og er slett ikkje redd for folk. Til høgre er ein Kiwi som er veldig sjy, du skal derfor ha eindel flaks for å ta bilete av ein.

   

Dag 7, 17/9:

Denne dagen kom vi oss heilt til Queenstown som er det ultimate for alle som vil bruke penger. Det er verdenshovudstaden for ekstremsport. Etter å ha gått litt rundt i Queenstown vart det litt for mykje for oss, etter så monge dagar på landet måtte vi ut av byen igjen og fann ein fin plass utanfor Queenstown som heiter Glenorchy. Her reid vi på hestar, faktisk på plassen der dei filma Isengard i Ringenes herre, vi hadde også utsikt over Misty mountains. Alt i NZ handlar om ringenes herre, det er faktisk umuleg å unngå å bli fylt med ringenes herre info.

   

Dag 8, 18/9:

Etter ei natt i Glenorchy prøvde vi oss igjen på Queenstown. Som sagt er Queenstown laga for å ta alle pengane dine, med alle slags shopping, uteliv og ekstremsport tilbud. Og kva er ikkje det ultimate ekstremsporttilbudet ? Strikk hopping, eg måtte berre prøve det sida eg var i Queenstown. Hoppet var ca. 50 meter fra ein platform og ned mot ein skog, eg kan fortsatt ikkje forstå korleis eg turde å hoppe utfor kanten. All logikk sa meg at det ikkje var det rette å gjere. Ein stor faktor som gjorde at eg hoppa var tanken på alle pengane eg ikkje ville få tilbake.Ein ting er sikkert, strikk hopping er ein fantastisk følelse og kanskje det ultimate adrenalin rushet. Det ga meg definitivt lyst til å prøve igjen.
       

11 dagar er for lite til å sjå alt, vi måtte derfor droppe Milford Sound som er ein av dei mest berømte fjordane i NZ. I tillegg til den store omvegen, var været også veldig dårlig og sjangsane var store for veiane var igjensnødde. Å gå glipp av ein fjord tok ikkje eg så tungt.

Vi måtte derimot komme oss mot aust i forsøk på å nå Dunedin neste dag. Vi måtte stoppe på ein fjellovergang mellom Chirstchurch og Dunedin på grunn av snøstorm. Vi hadde fått opplæring i å ta på kjettingar med utleigefirmaet, men det var rett og slett uaktuelt å begynne med det mitt oppe på fjellet. Det var dessutan mørkt og umuleg å sjå veien. Vi hadde flaks.. det var selvføleleg en pub midt oppe på fjellet, milevis fra folk. Vi overnatta på parkeringsplassen, noko som var ein ganske kjølig opplevelse i minusgrader.

Bilete viser Mike som nyter ein øl foran peisen mens snøstormen herjar ute og bilen vår neste dag.

   

Dag 9, 19/9:

Endeleg nådde vi Dunedin. Dunedin er ein vakker by, og ein av dei største studenbyane i NZ. Vi var derimot uheldig med været, så Dunedin vart ein sur og kald opplevelse for oss. Ein av dei store høgdepunkta var besøk på Cadbury sjokoladefabrikk.



Bilete viser faktisk 1 tonn med sjokolade i et 23 sekunders fritt fall.

Eit av dei store måla med turen vår var å sjå pingvina. Vi for derfor ut til Otago Peninsula, som skulle ha eindel pingvinar. Det vart ein kort tur, det var nesten umuleg å gå ute pga. vinden og dei tok selvfølelig altfor mykje pengar for å kjøre deg ut til pinvinane.

Vi reiste derfor vidare nordover til eit anna høgdepunkt. Moeraki boulders, som er runde steinar forma inne i fjellet og skylt ut på stranda. Her overnatta vi og fekk sjå steinane både om kvelden og morgonen.

   

Dag 10, 20/9:

Vår jakt etter pingvinar var ikkje over så vi stoppa på to andre pingvin koloniar på vei nordover. Det einaste vi såg var selar som vi fikk meir enn nok av på turen. Det nærmaste vi kom pingvinar var dette skiltet.

       

Ingen pingvinar, men andre dyr såg vi. I tillegg til sauar (det er 10 sau per person i NZ), såg vi også monge som dreiv med hjorteoppdrett. I høge gjerde er det store flokkar med hjort langs veien rundt heile sør-øya.

Vi kjørte veldig langt på dag 10 og kom oss heilt til Christchurch og overnatta på Akaroa, ein fantastisk plass ein times tid utanfor byen.

Dag 11, 21/9:

Vi var no tilbake til utgangspunktet og brukte den siste dagen på å sjå Christchurch, ein veldig britisk/fransk inspirert by med flotte bygningar og ein fantastisk botanisk hage. Har diverre ikkje så monge digitale bilete fra byen.



Vi tilbrakte siste natta i luksus på samme hostellet som vi bodde på første natta, vi spanderte også på oss ein middag ute. For så å stå opp klokka 4 om morgonen for å ta flyet tilbake til Sydney.


hits