Airlie beach

Her kjem ein liten raport Queensland.

Diverre har eg ikkje muligheit til aa legge ut bilete endaa, men dei kjem nok seinare.
 
Vi er no komen til Airlie beach og Whitsunday islands. Vi var 3 netter i Cairns og maatte takle veldig tropisk klima med mykje regn, hog temperatur og ekstrem luftfuktigheit.
Etter ei natt i Townsville er vi no ved eit av hogdepunkta paa turen.

Imorgon blir det litt luksus med seiltur ut til Whitsundays islands og Whitehaven beach som er etter rykta aa dome kanskje verdens beste strand. Vi skal ogsaa prove aa faa dykka litt i great barrier reef, ivertfall litt snorkling. Alt avhenger av kor mykje pengar eg kan presse ut av eit sterkt begrensa reisebudsjett.

Heldigvis er det veldig stor konkurranse paa alt som har med turisme aa gjere saa vi betalar aldri meir enn ein hundrelapp for upaaklagelig overnatting med alle muligheiter til aa lage mat sjol og leve veldig billig.

Ferie !



No er det ferie, enkelte lurar kanskje på om ikkje ferien min er ferdig, men det er faktisk no den byrjar. Idag gjorde eg ferdig min siste eksamen og sekken er allereie pakka og klar til å reise til Cairns imorgon tidleg.

Etter å ha gjort ivertfall 3 av 4 gode eksamenar reisar eg med god samvittigheit. Det blir godt med 3 månedars ferie før skulen startar igjen i mars.
Som dykk ser på kartet ligg Cairns ganske langt nord i Australia, noko som betyr ekstrem varme, men heldigvis er vi godt forberedt. Vi kjøpte kjølebaggar idag med plass til 18 øl.

Planer er å fly opp til Cairns sammen med Keltie (Canada) og Daniel (Tyskland) for så å leige ein bil og kjøre heile veien tilbake til Sydney. Det er ganske mykje vei å tilbakelegge, mem med mykje å sjå og mykje tid er det ingen problem.

Det er monge høgdepunkt på turen, f.eks. Great barrier reaf, Frasier island, Noosa og Goald coast for å nevne nokre. Så det er berre å sjå fram til bilete på bloggen.

Kengeru i Glenbrook

Glenbrook ligg ca. 30 minutt frå der eg bor. Det er starten på Blue Mountains national park, tek du turen til Sydney er nok dette den enklaste plassen å sjå kengeruar.
Eg kom meg så nært som en halv meter frå en Kengeru før dei hoppar vekk.
Diverre så er det litt dårleg bildekvalitet fordi det var litt seint på kvelden.

        

Surfers Paradise

Før eksamensperioda tok til tok vi like godt ein liten velfortjent ferie til Surfers Paradise. Byen heiter faktisk Surfers Paradise og er nettopp det. Det er vel eigentleg ikkje ein by, men meir ein kunstig samling av leiligheitshotell. Det er nesten ingen fastbuande der, men det er fullt av liv og kvalifiserar til det du kan kalle "turist trap." Vi var flinke og havna ikkje i noken av dei, mest pga. et sterkt begrensa budsjett.

Vi var veldig heldige og fikk ei kjempestor leilighet med 2 soverom, 2 bad, 2 balkongar, stort kjøkken og stor stue til ein latterleg pris (ca. 100 kr natta per person). Vi var 4 stykker på rommet og tilsammen 7 stykker med på turen (gruppebilde har folk fra Norge, Tyskland, Canada, USA og Israel).



Rommet vårt var i 22 etasje med ei glimrande utsikt over ei strand som strekker seg over heilt gold coast (bilde nr. 1). Bilde nr. 2 viser utsikt fra stranda til hotellet vårt (det runde).
Bilde 3 viser utsikt andre veien til Surfers Paradise, som du ser er det ein by på kanten av stranda.

        

Vi var også på nokre utflukter og under ser du bilete av meg og Maria Skåren, som nokre av dykk kjenner fra Bjerkely Folkehøgskule. Ho bor i brisbane og har ein blogg med det oppfinnsomme navnet Maria down under (marias.weblogg.no/australia). Vi tok ein liten båttur i elva i Brisbane og fekk eit fint bilete av byen.

              

På bilete under er eg ved Australias austlegaste punkt i Byron Bay.
Tok også med eit bilete av Sydney i solnedgang fra flyturen heim. Sydney er ein fasinerande by, gled dykk alle som har tenkt å ta turen dit.

          

Framover no er det berre eksamenslesing. Eg leverte inn ein heimeeksamen idag som eg har brukt heile helga på å løyse, vidare blir det vanlege eksamenar 15. 16. og 22. november. Før det blir meir ferie :-)

hits